Hopp til innhald

Bakkastova

Opplev tradisjonsmat i Flåm

Opningstider:

15. mai –  16. september:  

Alle dagar 11.00–16.30

Bestilling:    

E-post: Tlf.: +47 48 11 61 68

Nyt god mat i flotte omgivnader

Som ei perle midt i Fretheim Kulturpark finn du Bakkastova kulturkafé, som byr på rik historie og lokale godsaker.

Tradisjonell, lokal mat som gjer at du lengtar etter å kome attende!

På Bakkastova har me eit ungt og engasjert team som kvar dag jobbar for å servere deg enkel og ærleg norsk mat. Når sola er framme kan du sitje på uteserveringa vår, eller kome inn og sitje framfor peisen når det blir kjølig og vått ute. Du kan velje mellom ulike lunsjrettar, eller berre kome innom for ein kaffi og heimebakte kaker.

Skyldnad

Me likar det me driv med, og ser fram til å dele entusiasmen vår med deg. Me sjåast på Bakkastova!

Følg på Facebook

Konseptet

Me forpliktar oss til å levere gode produkt, god gardsdrift og gode smakar. Kombinasjonen av desse elementa er det du kan sjå fram til når du et hos oss.