Fjord Cruise Sognefjord

Dei klassiske bilferjene mellom Gudvangen og Kaupanger fører deg gjennom noko av det vakraste fjordlandskapet du finn i Noreg. Du seglar gjennom fjordar lista på UNESCO’s verdsarvområde, med praktfulle fjell, vill natur og idylliske bygder – knyta til spennande natur- og kulturhistorier.

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 205,-

Denne turen er ei eineståande moglegheit for å oppleve fleire av dei vakraste fjordane i Noreg på ein og same tur; Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og Sognefjorden. Dei klassiske bilferjene, som er freda av riksantikvaren, tek deg med på ein 48-kilometer lang fjordtur - tett på det beste av vestlandsk fjordlandskap. Du vil sjå titals fossefall som kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, og frie elvar som renn frå takkete fjell, brear og bre-sjøar, gjennom lauv og barskog og ned til fjorden. 

Mektig natur og spennande historier

Nærøyfjorden blir rekna som ein av dei mest spektakulære fjordane i verda, og det er ikkje utan grunn fjorden står lista på UNESCO’s verdsarvliste. Tek du båten frå Gudvangen vil du starte turen med å glide gjennom denne tronge og spektakulære fjorden. Under snøsmeltinga i juni kan du sjå opptil 25 fossefall i Nærøyfjorden, og dei største av dei kan du sjå hele året. Ein av dei er Kjelfossen i Gudvangen, som til saman fell 840 meter i etappar ned til fjorden.

Vidare på turen kjem du til Aurlandsfjorden, også på UNESCO verdsarvliste. I utløpet av fjorden seglar båten forbi den veglause bygda Frønningen, der «ingen skulle tru at nokon kunne bu». Her er sjøvegen framleis den einaste måten for dei fastbuande å flytte seg på. Frå båten kan du mellom anna sjå det herskaplege Frønningen-godset, som ligg idyllisk til ved sjøkanten.

Like etter, segler du forbi det 1775 meter høge fjellet Bleia, der fjorden under er nesten 1000 meter djup. Av den grunn seiast det at: «utan vatn i fjorden» er Bleia det høgaste fjellet i Noreg. Vidare set  ferga kursen mot endepunktet på turen; til den idylliske bygda Kaupanger. I Kaupanger kan du mellom anna sjå ei av 28 bevarte stavkyrkje i landet, som har sitt opphav heilt tilbake til midten av 1100-talet.

Dette er ein fjordtur vel verdt å få med seg. Turen er eit perfekt avbrekk frå bilkøyringa, og ei eineståande moglegheit til å oppleve fleire av dei flottaste fjordane i Noreg på ein og same tur! 

Sjå rutetider Fjord Cruise Sognefjord 2018 her

Notis: Rundtur kan kun reserverast online.

Bestill her:

Frå kr 205,-

Vanlege spørsmål

[Fjord Cruise Sognefjord] Korleis reserverar eg plass på bilferja Gudvangen - Kaupanger?

Du kan reservere plass på nettstaden vår, www.visitflam.com. Merk at når du bestiller billett til bil, er sjåføren allereie inkludert i prisen. Viss det for eksempel er to vaksne reisande og éin bil, må du velje éin reisande frå rullegardinmenyen under Vaksen. Den andre reisande er inkludert i bilbilletten. 

Du kan bestille Sognefjordturen -turen via lenka www.visitflam.com/en/se-og-gjore/aktiviteter/fjord-cruise-sognefjord/. Her finn du all informasjonen du treng om denne turen.

[Fjord Cruise Sognefjord] Er det Wi-Fi ombord?

Me har trådlaust Internett ombord på båtane våre.

[Fjord Cruise Sognefjord] Kan eg kjøpe billetten ved ombordkjøyring?

Ja, du kan kjøpe billettar om bord dersom det er ledige billettar. Vi tilrår at du alltid bestiller billett på førehand for å sikre at du kjem med den avgangen du ønskjer.

[Fjord Cruise Sognefjord] Kan eg reise med ein tidligare eller seinare avgong enn det eg har bestilt?

Nei, du må reise med den avgongen du har billett til. 

[Fjord Cruise Sognefjord] Har eg prioritert ombordkjøyring når eg forhåndsbestiller billett for bil og passasjer?

Ja, følg skilta for passasjerer med billett. Personalet på staden kan hjelpe deg.

Se også

Fjord Cruise Nærøyfjord

Fjord Cruise Nærøyfjord

Bli med på fjordcruise i UNESCO-verdsarvparken og opplev eitt av dei flottaste og mest populære fjordområda i Noreg. Frå det nye og spennande hybridfartøyet «Vision of the Fjords» kjem du ekstra tett på den vakre...

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 335,-
Flåmsbana

Flåmsbana

Flåmsbana er ei av verdas mest spektakulære togreiser og ein av dei største attraksjonane i Noreg. Toget går frå enden av Aurlandsfjorden, ein sidearm av Sognefjorden, og opp til høgfjellet ved Myrdal stasjon. På denne rei...

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 550,-
Fretheim Hotel

Fretheim Hotel

Å bu på historiske Fretheim Hotel er ei reise i tid. Hotellet har mange forskjellige romkategoriar. Her får du presentert det beste av sognekulturen gjennom kortreiste smakar, spektakulær utsikt mot fjord og fjell, interiø...

Medlem av De Historiske Hoteller og Spisesteder

122 rom

Alle rettar (øl/vin og brennevin)

Parkering

Bestill her:

Frå kr 1400,-