Fjord Cruise Nærøyfjord

Bli med på fjordcruise i UNESCO-verdsarvparken og opplev eitt av dei flottaste og mest populære fjordområda i Noreg. Frå det nye og spennande hybridfartøyet «Vision of the Fjords» kjem du ekstra tett på den vakre vestlandsfjorden. Med innovativ design og verdsleiande miljøteknologi får gjestene om bord ei unik naturoppleving samtidig som dei set eit fotavtrykk mindre på reisene sine.

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 335,-

Den smale og spektakulære Nærøyfjorden er omkransa av bratte fjellsider med snødekte toppar som ragar 1800 meter over havet, med brusande fossefall og idylliske grender langs fjorden. Dette er eit område som er vurdert til å vere eitt av verdas vakraste fjordlandskap, og som står på UNESCO si verdsarvliste.

Tett på naturen med «Vision of the Fjords»

Med Vision of The Fjords blir det sett ein heilt ny standard både på design og teknologi. Fartøyet er laga for å gi den beste moglege turistopplevinga uansett vêr. Det er høg komfort, store vindauge, og designet er inspirert av stiformasjonane ein finn i bratte fjellterreng. Her blir turistane verkeleg oppmoda til å gå opp på taket og få ei heilt anna naturoppleving enn det eit tradisjonelt turistfartøy tilbyr.

Når båten kjem til dei mest sårbare og spektakulære områda, går det over til batteridrift og held ein fart på 10 knop. Då er båten i praksis heilt stillegåande. Det einaste ein høyrer er naturelementa.

Vi tilbyr og dei klassiske fartøya våre på denne ruta, begge med avgangar frå både Flåm og Gudvangen.

Vintercruise

På vintercruiset vårt, som går i perioden 1. oktober til 30. april, er ikkje fartøy (premium eller klassisk) definert på førehand. The Fjords reserverer seg retten til å alternere fartøy i flåten sin ut frå vêrforhold, kapasitet og teknisk vedlikehald. Merk at endringar kan oppstå på kort varsel. Informasjon om fartøy kan du få på kundesenteret vårt.

Sjå rutetider fjordcruise Nærøyfjord 2018 her

Bestill her:

Frå kr 335,-

Vanlege spørsmål

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvor finner jeg priser og rutetider for fjordcruiset?

Du finn prisar og rutetider på nettsidene våre: www.visitflam.com/en/informasjon/brochures/   

[Nærøyfjord Sightseeing] Stopper båten noen steder så vi kan gå av og på?

Det er mogleg å gå av og på båten fleire stader, men du treng ny billett til kvar strekning. Vi tilbyr ikkje dagsbillettar. Kontakt turistinformasjonen dersom du treng meir informasjon.

[Nærøyfjord Sightseeing] Kan vi ta med bilen på båten?

Nei, vi har dessverre ikkje bilferjer, berre passasjerferjer. 

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvilke fjorder besøker vi på båtturen?

På denne turen går båten på Nærøyfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste, og Aurlandsfjorden, som er ein fjordarm av Sognefjorden. 

[Nærøyfjord Sightseeing] Hvor kan jeg kjøpe billetter til fjordcruiset?

Du kan kjøpe billettar på nettsidene våre eller på turistinformasjonen. 

Se også