Flåmsbana

Flåmsbana er ei av verdas mest spektakulære togreiser og ein av dei største attraksjonane i Noreg. Toget går frå enden av Aurlandsfjorden, ein sidearm av Sognefjorden, og opp til høgfjellet ved Myrdal stasjon. På denne reisa viser den vakre vestlandsnaturen seg frå si beste side.

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 480,-

I løpet av ein liten time tek toget deg frå havnivå ved Sognefjorden i Flåm til høgfjellsstasjonen Myrdal på Hardangervidda, 867 meter over havet. Myrdal er ein stasjon p�� Bergensbana, så Flåmsbana korresponderer med dei fleste tog mellom Bergen og Oslo. Dersom du ønskjer informasjon og billettar i samtrafikk med Bergensbana, må du gå til NSB sine nettsider: www.nsb.no 

Flåmsbana er ei av dei brattaste toglinjene i verda på vanlege togskinner, der nesten 80 % av lengda har ei stigning på 5,5 %. Togturen går gjennom fantastisk natur, forbi Rallarvegen, stupbratte fjellveggar, skummande fossefall og gjennom 20 tunnelar. Han byr dessutan på så mange utsiktspunkt at mange føler for å reise fleire gonger opp og ned mellom høgfjellet og fjorden.

National Geographic Traveler Magazine har utnemnt Flåmsbana til ei av dei 10 flottaste togreisene i Europa, mens Lonely Planet Traveller i 2014 har strekt seg endå lenger og kåra Flåmsbana til verdas beste togreise!

Bestill her:

Frå kr 480,-

Vanlege spørsmål

[Flamsbana] Hva kan vi gjøre på Myrdal?

Myrdal er ein liten togstasjon på fjellet. Her finn du kafé og suvenirbutikk om sommaren.

[Flamsbana] Kan jeg kjøre til Myrdal?

Nei, du kan ikkje kome deg til Myrdal med bil.

[Flamsbana] Hvilken side av toget er det best å sitte på?

Det er flott utsikt over dalen på begge sider av toget.

[Flamsbana] Kan jeg gå av på noen av stasjonene underveis om jeg kjøper en tur/retur-billett?

Det blir eit stopp på fem minutt ved Kjosfossen, der du kan gå av toget og ta bilete. Dersom du kjøper ein tur/retur-billett, vil det òg vere eit stopp i Myrdal på rundt ti minutt. Det er òg mogleg å gå av toget på Myrdal.

[Flamsbana] Hvor lang tid tar det å gå eller sykle fra Myrdal til Flåm?

Det tek rundt fem–seks timer å gå og to–tre timar å sykle ned til Flåm. 

Se også

Rundtur på Nærøyfjorden

Rundtur på Nærøyfjorden

Bli med på UNESCO-fjordcruise og opplev eitt av dei flottaste og mest populære fjordområda i Noreg.  Dette er ein kombinert rundtur med båt og buss, og han har fleire daglege avgangar mellom Flåm og Gudvangen.

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 400,-