Borgund stavkyrkje

Borgund Stavkyrkje
Borgund Stavkyrkje er den mest autentiske stavkyrkja i Noreg. Foto: Håkon Lie

Borgund stavkyrkje ligg i Lærdal. Kyrkja blei bygd rundt år 1180 og er ei av dei best bevarte stavkyrkjene i Noreg.

Fakta                     Stavkyrkje frå ca. 1180 med besøkssenter og butikk

Stad          Lærdal, historisk rute

Avstand                50 km frå Flåm

Framkomst     Buss og bil

Passar for             Alle

Ei av dei best bevarte stavkyrkjene

Borgund stavkyrkje blir rekna som stavkyrkja av alle stavkyrkjene – den mest autentiske av alle, med trinnvis oppbygging med svalgangar, omgangar, heva midtrom, takryttar og skjell-liknande spontekking av tak og veggar. Borgund stavkyrkje har hyppig vore brukt som modell når andre stavkyrkjer har blitt restaurerte.

Det vakre bygget frå ca. år 1180 er rikt dekorert med dragehovud, annan dyreornamentikk og bladranker. Det middelalderske interiøret i stavkyrkja står nærmast som om det var urørt i ettertid. Tregolvet og benkene langs veggane i skipet er òg delvis bevarte i originalversjon.

Besøkssenter

Det ligg eit spennande besøkssenter ved kyrkja, med utstilling om dei norske stavkyrkjene og unike vikingtidsfunn (9. hundreår). Her er òg kafé, suvenirbutikk og stellerom. Borgund stavkyrkje ligg på Historisk Rute – midt mellom Vindhellavegen og Sverrestigen, som byr på flotte vandringar. Start ved kyrkja, og  følg ein flott rundtur på 1,5 time.



Se også

Fjord Cruise Nærøyfjord

Fjord Cruise Nærøyfjord

Bli med på fjordcruise i UNESCO-verdsarvparken og opplev eitt av dei flottaste og mest populære fjordområda i Noreg. Frå det nye og spennande hybridfartøyet «Vision of the Fjords» kjem du ekstra tett på den vakre...

{{fact.key}}
{{fact.value}}

Bestill her:

Frå kr 330,-