Stabburet

Koseleg, nyrestaurert stabbur frå 1928 som høyrer til Fretheim Hotel. Det inneheld 4 enkeltrom og 1 twin-rom, bad med dusj i gangen og felles stove. Ved sidan av stabburet er det ein utandørs badestamp til stor glede på seine sommarkveldar. Passar for fleire som reiser saman.

6–7 sengeplassar

Stove/fellesrom

Bad

Utandørs badestamp kan leigast mot ekstra kostnad

Bestill her:

Stabburet er pussa opp i bonderomantisk stil. Nye, komfortable senger på bonderomantiske rom. Alle rom har vask. Felles baderom med dusj og toalett. Stova er pussa opp nyleg og har komfortable, moderne møblar. Utanfor er det ein utandørs badestamp med plass til åtte personar som kan leigast mot ekstra kostnad. Her kan du nyte eit bad mens du ser på stjernehimmelen ilag med gode venner.  

Stabburet høyrer til Fretheim Hotel, der du tek dei fleste måltida, med mindre noko anna er avtalt. 

Passar for familiar og vennegjengar.

Bestill her: