Hopp til innhald

Aurlandskoen

Aurlandskoen Économusée

Formålet er å ta vare på, utvikle og vise fram tradisjonsrikt handverk og kunnskapen som ligg bak handverket.

Eit économusée er ikkje eit museum i vanleg forstand, men ei levande handverkarbedrift der ein i tillegg til å produsere og selje tradisjonelle handverksprodukt, legg til rette for ei reiselivsoppleving. Her viser me fram handverkstradisjonane og den historiske samanhengen, og du kan kjøpe produkta.

Aurlandskoen Économusée opna 1. juli 2009 som det første i Europa, og som ein del av Économusée Northern Europe. I dag finn du fem andre norske économusée, i tillegg til Aurlandskoen, i Hordaland fylke:

  1. Oselvarverkstaden, Os
  2. Fjordtønna, Samnanger
  3. Stine Hoff Kunstglass, Hop, Bergen
  4. Treskjerartunet, Myrkdalen, Voss
  5. Tre og tønner DA, Indre Samnøy, Fusa

Ideen bak modellen Économusée er å:

  • VISE FRAM levande handverk og tradisjonell kunnskap
  • TA VARE PÅ kultur og tradisjonar
  • KOMBINERE kultur, økonomi og turisme
  • BYGGJE ein kulturell modell for entreprenørskap