Hopp til innhald

Aurlandskoen

Historia

Den nye Aurlandskoen blei til på 1930-talet. Det blir hevda at Nils Tveranger henta inspirasjon til skoen frå mokasinane til Iroquois-folket i Amerika

Skomakartradisjonen i Aurland har røter attende til 1880-talet. Mange meiner at dei britiske lakselordane som den gongen kom til Aurland for å fiske, var ei viktig årsak til at skomakaryrket blomstra opp i Aurland. Lakselordane trengde hjelp til å reparere skoa sine, noko ein meiner inspirerte nevenyttige skomakarar.

Nils Tveranger og den første Aurlandskoen

Den tidlege versjonen av Aurlandskoen kom etter alt å døme på marknaden i 1908. Nils Tveranger kom attende til Aurland som ung mann etter å ha lært seg skomakaryrket i Amerika, og etablerte seg som skomakar. Han utvikla den første utgåva av Aurlandskoen, som den gongen hadde snøring og øyre, og fekk skoen mønsterverna under namnet Nasjonalsko. Tveranger profesjonaliserte skomakarkunsten. Nils og kona hans, Hansine Toraldsdotter Onstad, fekk fire born. Nokre av etterkomarane arbeider framleis på skofabrikken.

Nytt design

Medan 1930-talet var prega av økonomiske nedgangstider, var det optimisme i Aurland. Nils Tveranger utvikla Aurlandmokasinen, som hadde likskapstrekk med Teseskoen, og seinare fekk namnet Aurlandskoen. Skoen var svært ettertrakta i tiåra etter andre verdskrigen og blei motesko for begge kjønn. Aurlandskoen blei eksportert til Storbritannia, Canada og USA, og blei til og med populær på Svalbard. 

Harde tider og nedgang

Mot slutten av 1960-talet blei det hardare tider for skobransjen i Noreg. Auka konkurranse førte til nedlegging av skofabrikkar over heile landet, dette hadde også innverknad på skoproduksjonen i Aurland. Frå ei tid med 19 skofabrikkar og 100 sysselsette, blei det snart få skofabrikkar att. Ein som prøvde å halde fram tradisjonen var Ansgar Wangen, saman med kona Eldbjørg og sonen Svein Odar. Sidan 1989 har Aurland skofabrikk vore den einaste produsenten av Aurlandskoen.

Skinn- og handverkstradisjonar er populære

I dag er det ein trend å ta vare på arv og tradisjonar. Det gjeld òg for den tradisjonsrike Aurlandskoen. I dag samarbeider fabrikken med kjende norske designarar om å utvikle nye kolleksjonar. I våre dagar er folk klar over at Aurlandskoen var den opprinnelege “penny loafer”.

I dag produserer fabrikken meir enn berre sko. Fabrikken har fått hjelp av store motehus med å utvikle vesker og tilleggsprodukt. Sjå alle produkta frå Aurlandsko i nettbutikken her.

Kom innom oss i Aurlandskoen og lær meir om historia gjennom   Aurlandskoen Économusée, eit levande visingssenter for handverket vårt.