Hopp til innhold

Ledig stilling som sal- og bookingmedarbeidar ved Flåm Kundesenter.

Me har ledig 100% fast stilling som sal- og bookingmedarbeider i Bookingavdelinga ved Flåm Kundesenter.

For å styrke sal og tilfredsstille etterspørsel søkjer me no 2 medarbeidarar ved Kundesenteret vårt i Flåm. 1 med oppstart no og 1 frå oktober.

Me søker ein positiv og serviceinnstilt medarbeidar med kundetekke og salstalent til vårt bookingteam ved Flåm Kundesenter.

Du må like å arbeide i eit hektisk og travelt miljø, samt kunne løyse problem fortløpande der det er naudsynt. Du er strukturert, har god evne til å arbeide sjølvstendig, samt trivs i direkte kontakt med kundar og leverandørar. Gode språkkunnskapar er ein fordel, og det er eit minimum at ein kan flytande norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Erfaring frå eller kjennskap til sal- og bookingarbeid er ein fordel. Du er proaktiv og målretta i ditt arbeid.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vera:

  • Sal- og kundebehandling, gjennomføring av bookingar (t.d. charter, dagsprogram, grupper og individuelle) og deling av informasjon per telefon, e-post og chat
  • Direkte kontakt med kundar og leverandørar, og å bidra til desse får korrekt informasjon til ein kvar tid
  • Å bidra til at våre kundar får ein god oppleving og den hjelpa dei treng
  • Stillinga inngår i vaktlista for bookingoperasjonen i Kundesenteret, og inneberer arbeid helger og kveldstid. Tiltredelse etter avtale.

Me tilbyr konkurransedyktige lønnsvilkår og gode karriere- og utviklingsmoglegheiter i ein ung og dynamisk organisasjon.

Søknadsfrist 31. july 2018

Om du ynskjer vidare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kornelia Barzowska på tlf. 57 63 14 00 eller kornelia.barzowska@visitflam.com.