Hopp til innhold

Butikkmedarbeidarar Merchandise i Flåm

I Flåm er Merchandise eit nytt butikkonsept og me har behov for fleire faste heilårs stillingar. Er du ein person som set gjesten i fokus og er opptatt av service? Har du energi, er motivert og likar utfordringar? Då er du den rette til å søke på våre stillingar. Her får du moglegheit til å påverke eiga karriere og utvikling i eit selskap i vekst.

I Flåm vert du ein del av eit internasjonalt miljø, med fast tilsette og sesongarbeidarar frå over 20 nasjonalitetar. Naturen spelar på lag med oss og gjer det enkelt for oss tilsette å leve opp til våre verdiar:

Ekte - Spektakulær – Gjestfri - Kompetent

Arbeidsoppgåver:

  • Kundebehandling og vertskap i våre butikkar
  • Stå i kasse og gjere sal, dagsoppgjer og vareteljing
  • Halde orden i butikken
  • Bidra til drift av butikk, jobbe mot eit eventyrleg salstal og nå butikken sitt budsjett
  • Fremme og følgje opp konsept for butikken
  • Saman med avdeling for varelagerstyring, sørgje for at me har rett produkt til rett tid tilgjengeleg

Om deg:

  • Blid og serviceinnstilt
  • Kundetekke og salstalent
  • Strukturet
  • God på kommunikasjon og samarbeid, samstundes arbeide sjølvstendig
  • Trivast i kontakt med kundar
  • Du må like å arbeide i eit hektisk miljø
  • Gode språkkunnskapar er ein fordel.

Arbeidsstad: Flåm

Tilsetting: 10. oktober

Søknadsfrist: 2. september 2019

For spørsmål kring stillinga ta kontakt med Birgittha Sandstrøm, leiar Merchandise – 94022378 eller Nils Asbjørn Lie, HR – 90510709

Søknad: https://www.jobbdirekte.no/flaam_as/1291584/index.html

Flåm AS er ein av Noregs leiande reiselivsaktørar. Flåm er største reiselivsmål i Noreg utanom dei store byane. Flåm AS og tilknytte selskap driv reisemålsutvikling med globalt sal og distribusjonsapparat, hotell, pensjonat, kafé, restaurantar, Flåmsbana og fjordsightseeing samt kundesenter og andre destinasjonskritiske operasjonar. Samla omsetjing er om lag 300 millionar. Det er i dag 65 heilårstilsette og 200 sesongarbeidarar. Verksemda har god lønsemd og er i sterk vekst. Vi vil byggje våre konkurransefortrinn ved å skape innovasjon, produktivitetsutvikling og resultatfokus i tett samarbeid med strategiske partnarar.